IVER RAKNES FINNE 16.05.2026 GK4 AHO INTRODUKSJON INDUSTRIDESIGN
P1. SPISEREISKAP FOR BORN

TUNGE

Eit mjukt og venleg spisereiskap for dei yngste. Den breie, avrunda forma gjev eit trygt og inviterande uttrykk, og etterliknar ei naturleg rørsle i munnen.

Den svake krumminga følgjer leppene sine konturar og gjer det lettare å føre maten mot munnen. Det korte skaftet og den organiske overgangen mellom grep og skeiform gjer reiskapen enkel, robust og behageleg å bruke.

Materialet i tre gjev ein varm og taktil kvalitet, medan den enkle geometrien held uttrykket roleg og lett å forstå.